fredag 28. mai 2010

Gode naboar ...

... høgg ned tre som skygger for sola til naboen! Studenten har vore på opplæring i Ørsta og tok første økta.  Deretter har Øystein teke over.  I vedsekkene bak har frøkna samla seljegreiner som ho skal tørke til kaninane.  No er Nusse på eit todagars opphald hos venninnene sine. Paradise hotel, I say no more.


Hugsar de den raude, fylte peonen som eg plukka inn 6. juni i fjor?  Eg har talt knuppane.  Der er seks i år som i fjor, så det kan hende dei skal få stå i fred i år.  Kanskje vi skal pynte med ballblom og forglemmeiei på svenske flaggans dag?
I forgårs planta eg eg skvåsjane over i større potter.  Samtidig sådde eg nokre ruccolafrø.  I følgje mi slovenske venninne, veks ruccola mest som ugras i hennar heimland.  Dei spira i alle fall fort! Ruccola har overvintra her før, men i år er den vekk.

5 kommentarer:

Alt godt sa...

Stauderuccola er fantastisk, den berre kjem att år etter år. Eg skriv litt om det her: http://altgodt.wordpress.com/2009/07/07/ruccolapesto/

Dersom den du sår ikkje er staude, så sei frå til meg, så skal eg sende deg ein mjølkekartong med småplanter herfrå. Den byrjar nesten bli eit ugras her hos meg.

Besta sa...

Fikk lyst å så ruccola, det er så godt i salat, men eit heilt beger blir for mykje for to. Eg synest det er best å bruke ruccola i lag med andre salattypar.

Besta sa...

jekka på Coop i dag. Dei hadde ikkje sukkerfri gelé, berre vaniljesaus.

solveig sa...

Der står ikkje noko latinsk namn eller om det er ei staude. Men eg fann ein pose med frø til...
Eg får så dei under duken saman med skvåsjane.

solveig sa...

Mamma kan få ei potte!