laurdag 8. mai 2010

Klagemål og sidemål

Erfaring har lært meg at det ikkje alltid løner seg å vere fornøgd kunde.  Du kan risikere å bli sittande ganske lite nøgd.  Som då eg sat med svidd hamburgar på Karl Johan medan dei andre sine var passeleg steikte.

I dag tok vi med eit par tomånadersgamle sko attende til ein butikk med 100% fornøgdgaranti.  Til ein pris godt over 1000-lappen, reknar ein med at  kvaliteten bør vere god.  Vi fekk nye sko og vart 100% fornøgde.  Ein får berre håpe det varer.

Så er det dette ein irriterer seg over.  Skal ein berre halde fram å irritere seg, eller skal ein seie frå.  I går og i dag har eg irritert meg over Piratforlaget.  Med 10-15 minutts lange spor på CD-ane, kan ein ikkje ta pause når ein vil.  Vert ein avbroten, kan det bli mykje oppattlytting. 

Eg skreiv ein mail til dei på høfleg, stivt sidemål og forklarte dei problemet.  Så står det att å sjå om når fram.  Synd dei ikkje har fornøgdgaranti!

P.s.
Eg vart fornøgd med den nye hamburgeren.

5 kommentarer:

Besta sa...

Kjenner til alle problema du skriv om her. Det er gjerne slik at det er enklare å klage på dyre ting. Ein gong kjøpte eg eit par brune sko som sat som ein hanske på foten, så gode var dei.Men etter kort tid løsna solen frå skoen og eg klaga og fekk nye. Det samme skjedde med det nye paret, og så var det å klage igjen.Og eg fekk byte i ein annan skotype.
Det verste er når ein får heilt pyton mat på ein billig kafé og ein ikkje kan sette fingeren på kva som er gale-fordi alt liksom er ekkelt. Har vore ute for det eit par gonger.
Dei lange spora på CD-platene er irriterande, men på somme CD-spelarar går det fint å sette på pause-kvar som helst. Du får bruke PC-en når du ikkje går tur.

solveig sa...

Skal ein klage på mat, må det vere konkret, ja. Men dei vil vel at folk skal kome att?
Eg har lært meg å leve med dei lange spora. Men ein rekk liksom ikkje eit spor på veg til jobb. Det vil seie, er eg oppom kjøkenet, går det bra.
Men viss ingen klager/gir dei tips om å bli betre, skjer det inga endring.

Besta sa...

Eg deler synspunktet fullt ut, blir av og til så lei av å høyre lange sekvensar om att at eg blir lei av heile boka.

solveig sa...

Eg satsar på mykje hagearbeid!? Timesøkter hadde gjort seg.

Anlen sa...

Eg brukar ikkje lydbøker, må liksom har øyrene ledig til dei små prinsessene:) Men elles støttar eg fullt ut ideen om å klage når det trengs.

Eg har som oftast hatt utbytte av å klage:)