onsdag 9. desember 2009

9. desember


TTT var ei forkorting i pedagogikken på 80-talet Ting Tek Tid skulle det stå for.  Eg har aldri hatt sansen for forkortingar, spesielt ikkje viss det er for å gjere seg klokare enn andre.  Men i dag har vi gjort ein tidkrevjande aktivitet: Julekjoleinnkjøp til frøkna i familien.  Ein må sjølvsagt sikre seg at ein har funne den finaste kjolen i byen.  Så då er det berre ein ting å gjere, nemleg å tråle alle butikkane.  Av erfaring veit vi at ein må vere ute i litt god tid, før det vert utplukka.

Til slutt enda vi opp med lilla "ballkjole".  Frøkna skal på nyttårsball.  Vi fann og ei jakke/kåpe i lilla.  Aksessoarar og sko får vi finne ein annan dag.  Hareid har ein flott skobutikk.

No har eg hatt fire born å kjøpe kle til, og eg har gjort meg same erfaring: Kle i storleik 12 år vert liggande/hengande lite brukte.  Det er akkurat som dei hoppar over ein storleik. 

4 kommentarer:

arieldog sa...

Den såg berre nydeleg ut! Kunne tenkt meg ein slik sjølv (12 år er kanskje noko å tenkje på...)

Besta sa...

Ja, slike kjolar hadde i ikkje i mi tid, i alle fall ikkje i så ung alder!Det var ikkje så mykje ferdig å få kjøpt, så det var heile runda med stoffkjøp, sydame og det heile.Kjolen til frøkna ser veldig fin ut, men eg kunne tenkt meg og sett heile.

solveig sa...

Når sko og alt er på plass, stiller ho nok til fotografering. Det er mykje å få kjøpt no, og til ein heller rimeleg penge vil eg seie.

solveig sa...

Eg må berre legge til at det er kjekt å ha med seg born på kjøpesenter som vil HA noko. Ho er og konsulent for kjøp til kusinene...