onsdag 16. desember 2009

16. desember


I dag har det vore nok ein aktiv dag.  På skulen har vi hatt den tradisjonelle juleverkstaddagen.  Eg hadde 6 seks timar "julemannar".  Tidlegare år har det helst gått i peparkaker.  Vel heime laga eg middag, før Øystein og eg køyrde inn i Ørsta i viktige ærend.  Ingen masa om å få vere med!  Sjølvsagt fordi dei ville at vi skulle bruke tida til å kjøpe julegåver til dei, noko vi også gjorde.

Bildet over er av noko eg ikkje visste eksisterte før i går, nemleg lommevarmar.  Ein knekk metallbiten og hjartet vert behageleg varmt.  Det må kokast før det igjen er klart for bruk.

Ingen kommentarer: