fredag 18. desember 2009

18. desember


I dag har vi gjort storinnkjøp av mat.  No er to lammesider på plass, ei til julaftan og ei til nyttårsaftan.  Her på Hareid støttar vi idretten med å kjøpe rabatthefte til 200 kr.  Då får ein til dømes 5% rabatt på Coop.  Andrebutikkar har andre prosentar, t.d. 20% på handelen på Angelsen Blomster.  Så får berre idrettsfolket merke seg kva for butikkar som gjev beste rabattane, og handle der elles i året.

Bildet over er av det nye "kjøleskåpet" vårt, ein såkalla bed-roller, som skal stå på altanen.  Eg hermar etter Besta, men vi valde ein flatare modell.

2 kommentarer:

Besta sa...

Vi har fleire slike flate også, men det er ekte BED-rollerar til leiker under senga på gjesterommet, eller kva ein skal kalle det.Veldig kjekt å ha.

solveig sa...

Olaug har eit par. Vi kjøpte dei til dukkekle. Kva som er i dei no, veit eg ikkje. Men eg tenkte det var viktigast med breidde, ikkje høgd, til mat.