torsdag 17. desember 2009

Det finst så mykje kjekt å få kjøpt


Dette er slagordet til ei venninne av meg.  Og det er sant!  Mykje kan kjøpast ferdig.    I dag opna vi pakken med peparkakehuset i, og oppdaga at eit par bitar i botnen var knekte.  Men det gjekk greit å lime dei saman med smelta sukker.  Olaug fiksa heile pyntinga sjølv.  Legg merke til juleseigemennene med nissehuer!

Det var ikkje dette som skar seg.  Det var eg, som tradisjonen tru, greidde å skjere meg i fingeren før jul og fossblø.  Heldigvis var ikkje kuttet så djupt. Det har vore verre andre år.  I staden for å steike krumkaker, vart det kokosmakronar i dag.  Det kan ein lage med eingongshanskar på seg.

Peparkakene vart også kjøpte ferdige i år.  For å vere heilt ærleg, så er eg ikkje spesielt glad i peparkaker anna enn til pynt.  Dei er søte, krydra og klistrar seg på tennene.  Og får ein servert søt gløgg til, vert det skikkeleg ille.  Blogglesarane forstår kanskje at eg har fått nok søtt i dag?



Karane er på juleball på kvar sin skule i kveld. 

3 kommentarer:

Besta sa...

Olaug har jammen vore flink. I år har eg halde det eg har lova:Nesten ikkje baka småkaker.
Dei blir aldri ete likevel.
Det må ligge til familien (på farssida) å skjere seg til blods i jula.

arieldog sa...

Flott peparkakehus! Vi kjøper alltid eit ferdig, og det er alltid faren som monterer. Slikt har eg verken tolmod eller motorikk til. Ungane våre elskar peparkaker, og dessutan har dei begynt å få sansen for sirupssnippar. Alt slikt er ferdigkjøpt, sidan eg verken er flink til å kjevle eller prioriterer slike syslar.

solveig sa...

Eg er liker heller ikkje å pirke med mat! Konditoryrkr hadde ikkje vore noko for meg.
Peparkaker er dyrare å bake enn å kjøpe også, endå ei god unnskyldning.
Men som sagt legg eg gjerne til rette for dei som vil bake i familien.
Olaug kosar seg...