onsdag 30. desember 2009

Kjøtsuppe

Når ein ventar mange gjester, og vil bruke tida på dei og ikkje på å stå på kjøkenet, er det greit med mat i ei panne.  Eg er glad i kjøtsuppe.  Det er enkel og lett mat.  Så får ein kanskje lyst på dessert og kaker seinare.

Til kjøtsuppe brukar eg fersk oksekjøt.  Eg hadde sikra meg kjøt med gode bein.  Det gjev best kraft.  Oppi krafta(ca 2 l kokande vatn) har eg 2 kg oksekjøt + 2 ts salt , 3-4 små løk, litt selleri og heil pepar.  Dette får koke eit par-tre timar til kjøtet losnar frå beina.  Eg reinsar kjøtet slik at det ikkje sit att noko feitt på dei. Krafta har eg silt opp i ei høveleg stor panne.

Både ungar og vaksne er glade i kjøtbollar.  Til denne porsjonen brukte eg 1 kg kjøtdeig.  Eg bruker ei vanleg kjøtkakeoppskrift, men erstattar ingefær med muskatnøtt.  I praksis vil det seie 4 ms potetmjøl, 1 ts salt, 1 ts pepar og 1 ts muskatnøtt og 4 dl mjølk, gjerne ekstra lett.

Så er det berre å forme små kjøtbollar og koke dei i vatn tilsett litt buljong.  Dette arbeidet tok frøkna på seg.

Kjøtet og kjøtbollane laga vi i går kveld medan det var fotball på TV.  I dag skrelte eg grønsakene: Poteter, gulrøter, kålrot og purreløk.  I tillegg brukar eg gjerne brokkoli i kjøtsuppe.  Eg har sett det har vorte gjort narr av brokkoli i innherredssodd t.d. på bloggane.  Men her vil eg seie at tidene forandrar seg.  Det må vere lov å bruke nye grønsaker etter kvart som dei vert tilgjengelege.

1 kommentar:

ariel sa...

Suppa var fantastisk god, berre spør Minstemann!