laurdag 26. desember 2009

Det mest fotograferte huset i Ørsta for tida?


På vegen heim svinga vi opp i Rystefeltet.  Tek ein første veg til høgre, kjem ein til dette opplyste huset.  Vi reknar med at det er greit å fotografere, for desse vil vel ha oppmerksomheit!

4 kommentarer:

arieldog sa...

Ungane her kallar det "Peparkakehuset", og vi hadde ein ivrig diskusjon i bilen heim om kor vidt det er laga av peparkake eller ikkje.

solveig sa...

De må køyre opp på synfaring! Vi trudde vi hindra trafikken, men i bilen bak drog dei og fram fotoapparat..........

Besta sa...

Eg kjenner ei av dei som bur i huset, litt.Dei er veldig stolte av julehuset sitt og har sikkert ikkje noko imot at folk tek bilde. Eitt slikt hus lyser opp i tilveret, men viss alle pynta like mykje vart det for mykje av det gode.

Elin sa...

Det ser faktisk ut som eit ordentleg peparkakehus!