
Når ein kjøper seg nye tallerkar, seier det seg sjølv at ein må til å rydde. Kjøkeninnreiinga mi går heilt i taket, så øvstehylla er eigentleg ikkje til noko anna enn lager. Sjå kva eg tok fram frå gløymselen! Bukkene Bruse-tallerkane ber preg av slitasje, spesielt fatet. Djupetallerken med kattane hadde eg hos mormor.

Eg fekk lyst til å vise Olaug sitt barneservise også. Det fekk ho til si første jul av mormora og morfaren som hadde kjøpt det i Tyskland. Det er ikkje lagra på øvste hylle.
2 kommentarer:
Ja, eg hugsar godt då eg på stotrande tysk gjekk inn på ein butikk i Lybeck og spurte etter servise til Olaug og Eirik. ...ein kleines Mædchen und ein kleiner Junge....
Koseleg gjensyn med bukkene Bruse og kattane. Det er så mykje fint i butikkane no, men det er noko ekstra med ting frå "gamle dagar". Skal tru om neste generasjon får eit like nostalgisk syn på tinga sine?
Legg inn en kommentar