torsdag 7. februar 2008

Tankar om tallerkar

Då eg hadde kjøpt krusa og asjettane måndag, tenkte eg at eg kunne skaffe meg fleire asjettar på Christiania Glassmagasin. Eg treng ikkje fleire krus. Borna drikk gjerne av glas. Eg har oppdaga tidlegare at dei køyrer same tilboda som Coop. Då eg kom dit hadde dei rett nok serviset på -30%, men ikkje asjettar og krus, berre frukosttallerkar, middagstallerkar og kaffikoppar. Det var siste dagen det var tilbod, og dei hadde 8 frukosttallerkar att!
Men kva har skjedd med tallerkenstorleikane? Tallerken bak til venstre har eg (vi!)arva av svigerforeldra mine. Det er Figgjotallerkar, sikkert frå 50-talet. Dei kvite tallerkane fekk vi av mamma (og pappa) på tidleg 90-tal. Middagstallerkane våre i iittala er eit par år gamle. (Då kjøpte eg også nytt bestikk, for bestikket vart så smått i forhold til tallerkane).

1 kommentar:

Besta sa...

Ikkje tvil om at vi et meir enn før her i landet, og då må tallerkane bli tilsvarande større.Og vi med dei?