søndag 31. oktober 2010

Sviskekompott

Inspirert av meg sjølv, som eg plar seie , i dette tilfellet lista over populære innlegg til høgre, laga eg i dag sviskekompott til dessert.  Det er nokre her i huset som helst vil ha gammaldags mat, og kva høver då betre enn kjøtkaker og sviskekompott?

5 dl vatn

2 1/2  ms sukker
1 pk svisker ev. aprikosar/fruktblanding

1 1/2 ms potetmjøl
1 dl vatn

1. Kok opp vatn og sukker.
2. Ha i sviskene og kok dei møre.
3. Rør ut potetmjølet i kaldt vatn. Ta panna til side og ha jamninga i.
4. Gje kompotten eit raskt oppkok.
5. Ha kompotten i ei skål og dryss litt sukker på toppen for å unngå snerk.


Server med mjølk/fløyte og/eller vaniljesaus.  Ein kan og piske krem og legge lagvis med krem, vaniljekrem og kompott som til grunnlovsdessert.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Mangle gamle "svisker" er sterkt undervurderte.

Besta sa...

Fekk ein gong sviskekompott med ei halv hermetisk pære og fløtemelk på. Det var litt annleis og veldig godt. Dessverre er det mange barn og unge som ikkje likar svisker.
Mange gode dessertar går nok i gløymeboka. Dessverre?????