Brødet er lett og luftig og heva berre med surdeig!
Sidan eg ikkje lykkast sist eg prøvde å lage ekte surdeigsbrød, laga eg 1/3 oppskrift, altså berre eitt brød. Eg let brødbakemaskina kna deigen. Væska var midt mellom kald og lunken. Elles gjorde eg akkurat som oppskrifta sa. Første hevetida var 4 timar. Andrehevinga gjekk raskare enn eg forventa, berre vel ein time.
Nei, no lyg eg litt her. I oppskrifta stod det 125 g lys og 125 g mørk surdeig. Eg har berre laga mørk. Det var like før eg sette boka ned ein heil karakter. Det får vere grenser for å gjere det tungvint! Brødet s 77 heiter dessutan grovt surdeigsbrød, men inneheld berre sikta kveite- og rugmjøl i tillegg til surdeigen.
Det spørs kor lenge eg gidd å fore på denne surdeigen. Det vert nok høgst eit par dagar til. Men no trur eg at eg har teknikken inne, slik at eg kan frigjere meg frå oppskriftene i boka.
Smaken kan eg ikkje uttalle meg om før i morgon. Men nøttebrødet var mykje betre i dag enn i går! Surdeigsbrød skal vere spesielt haldbare.
2 kommentarer:
Dette ser lekkert ut!!
Minner veldig om brøda vi kjøpte i Roma.
Legg inn en kommentar