fredag 8. oktober 2010

Om å kastrere ein katt

Etter å ha høyrt melodien "Eg vil ha ein liten katt" ei tid, gav faren etter, og frøkna skulle få lov til å få ein liten hannkatt.  Ho var snar å bestille ein.  Men kattemora tok ikkje mykje omsyn til ønske om kjønn og fødde tre nydelege hokattar.  det var då eg greip inn.  Frøkna må få katt og eg skulle følgje opp familieplanlegginga.  I haustferien var det tid for sterilisering, eller kastrering som er det rette uttrykket i følgje veterinæren, og det er vel han som har greie på det.

Som den pysa eg er, må eg innrømme at eg grudde meg til heile greia.  Eg hadde lova å køyre og betale.  Frøkna førebudde katten med eit halvt døgn faste.  Ho hadde med både reisebur og ei kasse med dyne i.  Alt var reint og fint.

Katten skreik heile bilturen.  Men då var det verste gjort. Veterinæren tok imot katten og vi fekk beskjed om å kome attende ein time etterpå.  Då var det gjort.  Katten var i framleis i narkose, så turen heim vart noko rolegare. 

No skulle katten vere inne eit døgn i eit rom med vanleg romtemperatur.  Vi plasserte henne på badet nede.  Det tok ikkje lang tid før ho hadde kome seg ut av kassa.  Svolten var ho og, men ganglaget var noko ustøtt.  Snart ville ho opp trappa.

Kort fortalt var ho så fin etter 12 timar at ho hoppa opp på fanget mitt og mol.  Vi meiner ho har tilgitt oss.

Det vert fødd alt for mange katttar.  Veterinæren her avlivar omlag 100 i året.  I tillegg så er det nok mange som gjer det sjølv.  For Lucy gjekk operasjonen heilt fint.  Ho skal ta stinga etter to veker og få ei vaksine mot kattepest "på kjøpet".  Det heile kosta 1260 kr. 

3 kommentarer:

arieldog sa...

Flott at de tek ansvar - trur Lola skal få time òg...

solveig sa...

Hm... tankeoverføring. Eg såg bildet av henne og Ingeborg, og bestemte meg for å drive litt reklame...

STRIKKEMOR(O) sa...

Det er nok det beste å kastrere, ja. Eg trudde også at hokattane blei sterilisert...