fredag 1. oktober 2010

Over bekken etter vatn

Som blogglesarane kanskje har fått med seg, føler eg behov for ein bytur i veka.  Då gjeld det å ha eit ærend så ein får lufte seg litt.  Ærendet i dag var å studere utvalet av brødbakemaskiner på Blåhuset.  For trur de ikkje at etter at foodprosessoren hadde stått på benken ved sida av brødbakemaskina nokre dagar, så slutta ho å steike.  Sidan både forma og skovlene er utslitne, løner det seg å kjøpe ny maskin.  Utvalet på El-kjøp var skuffande.  Dei hadde berre ei lita maskin.  Så då er det betre på Hareid! 

Men litt handelslekkasje vart det likevel.  Eg fann eit Cemo-krydder eg ikkje har prøvd.  Kanskje det er godt til fisk i karrisaus t.d.?  På Kid fann eg ei papirkorg til halv pris.  Den gamle får de ikkje sjå, men dei som har vore på besøk, forstår nauda.

I morgon slår butikkane på Hareid til med sal og utdeling av gåvekort.  kanskje de hugsar kven som vann i fjor?

1 kommentar:

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjekt å handle litt,ja! Fin korg og krydder har ein jo bruk for. I dag blir det skogs/fjelltur på meg og ikkje shopping i gata. Reknar med at det blir litt handel i haustferien om ei vekes tid. Elin vil til Åsane og Audny til Ålesund, så kansje det blir begge delar på meg... Ha ein fin laurdag!