onsdag 20. oktober 2010

20. oktober

Engelskstudenten kom frå Volda på sommardekk i dag.  No er det berre å skifte! Han meinte det var meir vinter der, og det ser ein på Besta sin blogg.
Aloharosa står med nye lange skot og fleire knoppar ...
Sjølv har eg vore til tannlegen i dag og fått fjerna tannstein og belegg.  Tannlegen støttar teorien til venninna mi, at dei som har tannstein, har mindre hol. Det er ein av faktorane.

Neste punkt på programmet er å få tatt stinga til katten.  Ein ting som slår meg, er om det greit å seie dyrlege eigentleg.  Tannlege har ikkje fått innført latinsk tittel.

Sidan eg også skal i selskap i ettermiddag, var det greit å berre lage bondeomelett etter inspirasjon frå frukost-TV i går.  Wenche hadde den i omnen.  Eg la lok på steikepanne.  Eg surra/steikte løk, purreløk og litt skvåsj.  I tillegg hadde eg litt pålegg, nærare bestemt skinke.  Her kan ein godt bruke spekemat av ulikt slag.  Oppå dette helte eg egg, mjølk, riven ost, salt og pepar. 

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Eg er også "hekta" på Wenche. Mange gode tips å få der - men ho får ikkje mykje sendetid.

solveig sa...

Nei, nei, men litt kvar dag ...
Sidan eg driv og underviser og viser sjølv, liker eg å sjå korleis andre gjer det.