søndag 10. oktober 2010

Schakenda - verdig vinnar?

Eg har mange kokebøker, fleire av dei heiter noko med "Brød".  Kvifor kjøper ein då endå ei?  For det første har eg høyrt at folk liker den, fleire bloggarar har den. For det andre har eg fått høyre at eg må lese om bakeriet.

Det har eg gjort!  Eg har lese historia om korleis gründeren byggjer opp ei bedrift som går godt. Eg har lese boka frå perm til perm.  Her er mykje interessant.  Han har fått andre til å skildre seg sjøv, så både Leif Ove Andenes, Ingrid Espelid og Arne Brimi har si eiga side. Bakaromnen har fått sitt eige kapittel.

Det er synest er mest interessant, er teoriane kring gjærbakst.  Oppskriftene skal prøvast!

Dette gjer han rett i følgje ein norsklærar:
- Han har ei god historie.
- Han skriv om noko han har greie på.
- Han skriv engasjert.
  (Å skrive om seg sjølv ...)
- Han har ein bodskap.
- God orden. Døme: Oppskrift+bilde over to sider.

Terningkast 6 frå meg, som er meir enn middels interessert i gjærbakst.

4 kommentarer:

Teta Pehta sa...

Lånte boka på biblioteket og blei akkurat ferdig å sjå gjennom....er nokså enig med deg men skal altså ikkje kjøpe boka.Kanskej fordi eg he andre bøker om brød også frå Åpen bakeri og fra Else Rønnevig og ikkje minst italiensk bakebok på italiensk..eller kanskje fordi eg tåle rugmjøl dårlig og nesten alle oppskrifter er med rugmjøl?Boka 100 smakfulle brød er min favoritt.
Terningkast 4 fra meg
:-)

solveig sa...

La merke til at han laga pizzasaus på same måte som du - utan å koke ...
Spent på frukt- og nøttebrødet som eg skal lage så snart eg får surdeig!
Viestad sitt brød i boka eg fekk av deg, er nok eitt av favorittbrøda. Litt av same prinsippa med å ta den tida det tek.

Anonym sa...

Eg har site og lese den nye boka hans i helga, Schakendas bakeskole. Kokebok berekna på barn. Eg likte godt den du skreiv om også. Vart litt i stuss over oppskrifta hans på kokosmakroner i den nye boka. Framgangsmåten er sikkert rett, men ingrediensane var heilt feil, trur det må vere ingrediensar til pizza.

Janne H

solveig sa...

Som Gunda seier, var der feil i første opplaget på denne boka og, så det er vel trykkfeil, skulle ein tru. Dei kjem vel med rettingar. Når ein har baka ein del, ser ein kva som ser "rektig" ut.
Eg skaffar meg kanskje barneboka og med tid og stunder ...