tysdag 12. oktober 2010

Futt og fart!

 Då ser de tydeleg at det er futt i surdeigen.  I dag kom eg seint heim, og eg skal ut på tur, så bakinga får vente til i morgon.  Det er ikkje så mykje arbeid med bakinga.  Ein lagar raskt ein deig medan ein kokar middag, men ein må vere der å passe på.  Dersom eg held fram med å bake på denne måten, så vil eg nok lære kor lang tid det tek.
I morgon håper eg å kome sterkt tilbake!

P.S.
No har eg altså ferdig surdeig, så om nokon på Hareid har lyst på ein bit, er det berre å gje meg eit vink.  De veit kvar eg er på dagtid, og om ettermiddagen skal eg ha meg ein snartur på butikken ...

3 kommentarer:

Elin sa...

Dette ser kjekt ut, har no vore fram i liknande før. Hadde vore fint om du la fram ei kort oppskrift frå a til å. Elles så har eg planar om å bake knekkebrød denne veka...

solveig sa...

Eg er litt usikker på kor lovleg det er ...
Knekkebrød går det lite av her i familien. Eg trur det er sånn anten eller. Eg må ha sylte på mjukt brød. Kjøper eg knekkebrød endar det alltid restar i kaninbura.

Besta sa...

Det er blitt så moderne å bake knekkebrød, men vi kjøper Wasa.Vi brukar mykje knekkebrød, for eksempel til kaffien i staden for kake, og til små mellommåltid.