Blogglesarane trur kanskje eg har drepe surdeigen min. Det har eg ikkje! Eg har tvert imot delt han, slikat eg no har ein lys og ein mørk. I staden for å lage to, fora eg den eine med kveitemjøl og den andre med sammalen rug. Innimellom set eg deigane i kjøleskåpet for så å ta dei fram nokre timar før eg vil bake.
Brødet på bildet bakte eg fredagskvelden og serverte det til ostefatet laurdag. Det var ein loffdeig med ca 1/4 sikta rug i. Til 7 dl væske brukte eg ein stor pakke tørka jordbær og ein pakke valneter. I tillegg putta eg i nokre rosiner og eit par matskeier maltekstrakt. Tørka jordbær har eg ikkje smakt før. Det smakte godt, men eg liker betre aprikosar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar