Då eg var i Oslo, var der ein kar som ville eg skulle kjøpe den største brødbakemaskina til studenten. Du kan lage syltetøy i den, var eitt av argumenta. Eg svarte vel at eg hadde hatt tre maskiner utan å ha laga syltetøy. Det må du prøve, meinte han.
Sidan eg har ny maskin, så får eg gjere det då. Porsjonen i oppskriftsheftet var på 500 g jordbær. Der stod også over 3 dl sukker, noko som er alt for mykje! 1 dl gir søt nok sylte.
Porsjonen gav akkurat eit glas på storleik med "Noras hjemmelagede". Det tok 1 time og 20 minutt å lage dette klumpefrie syltetøyet. Prisen kom på ca 35 kr. Det er vel heller tvilsamt at eg kjem til å nytte denne metoden meir.
2 kommentarer:
Dette var heller dsårlig forretning, spør du meg. Betre og billegare å kjøpe ferdig syltetøy UTAN tilsett sukker.
Ja, og ho var ikkje særleg god heller, sikkert kokt for lenge. Men no er funksjonen utforska.
Legg inn en kommentar