onsdag 13. oktober 2010

Sleit med å lyde

 Då eg kom heim i dag hadde yngstemann laga pizza.  Det passa godt, så fekk eg bruke tid på å lage frukt- og nøttebrøda s. 73 i Schakenda si bakebok.  Eg trudde eg hadde alle ingrediensane i hus, utanom graskarkjernar som eg ikkje fekk tak i.  Men valnetene som eg trudde eg hadde, var det heller ikkje råd å finne.  Det vart til at eg tok meir av vanlege neter.  Frukta var eg og raus med.
 Ein annan ting eg lurte meg til, var å ha vatnet litt varmare enn rett frå springen, kanskje 20-25 grader.  Med 200 g surdeig og 1/2 pk gjær heva faktisk deigen seg opp til kanten på ein time.
 Eg forma brøda.  Dei fekk stå og heve ein time medan eg  var på butikken og kjøpte mellom anna ost, druer, mandarinar og pærer.
No står det berre att å smake på dei!

3 kommentarer:

Besta sa...

Brøda ser utrulig gode ut. Reine julebrøda. Apropos så blir eg ofte skuffa over at brøda eg legg i frysen ikkje er SÅ gode når eg tek dei opp att. Dette gjeld særlig kveitebrød med rosiner o.l.Brøda blir tørre i frysaren. Er du ute for det same?

solveig sa...

Lite frysing av brød her! Brøda var farleg gode, men eg lurer på om eg skal prøve dei med berre poolish. Her må det forskast! Mange halve pakkar med ditt og datt att...

arieldog sa...

Eia var eg der...