fredag 29. oktober 2010

Bok 49: Slukebok?



Eg har no lært meg det norske ordet for pageturner, nemleg slukebok.  Desse bøkene ligg ofte i store haugar i bokhandelen, slik at når ein finn ei av dei på biblioteket, trur ein at ein verkeleg har vore heldig.  Denne forfattaren har eg og sett reklamere for sine to siste bøker på frukost-TV.

Boka opnar greit.  Bakteppet er borgarkrigen i El Salvador.  Hovudpersonen er ei av dei få som overlever utreinskingar i landsbyen der ho bur.  Ho får hjelp til å flykte til USA.  Dette kunne ha blitt bra! 

Det som øydelegg mest er språket.  Skildringane er så sentimentale og klissete at ein kan vri seg i stolen.  Om nokon er ueinig med meg får dei lese til dømes om då guten heldt på å drukne i bassenget. 

Sjølve historia vert langdryg, og frampeika er så mange at ein forstår omtrent kva som vil skje.  Dette grensar til kiosklitteratur!

Les gjerne meir her.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg las Senor Peregrino og fekk nok av denne forfattaren. Der var det ei ung jente som rømte frå Mexico til USA. Så vart det berre "Ukeblad". Takk for meg CS.

Elin sa...

Eg er einig i kommentarane om denne boka. Nesten ikkje page turner ein gong...

Teta Pehta sa...

Det var det eg trodde .... he ein lang "vente liste"med boker eg vil lese.. dei nyaste og mest leste er nok ikkje på den ;-)