måndag 11. mai 2009

SLANGEN I PARADIS


I forfjor begynte desse å dukke opp langs gangvegen. I fjor fann eg dei i hagen, og i år har dei dukka opp att. Snur ein dei opp-ned ser ein den karakteristiske oransje randa. Eg er ikkje i tvil om at det er Iberia- eller såkalla mordarsnigel. Han har i alle fall gjort meg til mordar. Hageeigarane her omkring er usamde om kva som er den beste drapsmetoden. Eg vert skulda for dyremishandling fordi eg brukar saks. Er det betre å bli svidd i salt? Utfallet er uansett det same.
---
Eg har oppdaga nokre feller ein kan legge ut. Legg ein litt fruktskal rundt omkring, beitar dei på det. Spesielt godt likar dei banan og melon. Elles et dei daude sniglar.
---
I år har eg sådd georginer. Det er noko av det beste dei veit. Så her gjeld det å vere førevar. Eg tek meg ei runde i kveldninga kvar dag. No ligg frekvensen på 5 store i døgnet.

2 kommentarer:

Milena sa...

He ikkje sett noken i min hage og håpa eg sleppe.Det er ikkje så mange iår som det var ifjor,eller så ser eg dårligare i år..he he

solveig sa...

Eg trur det er grøfta bortover som er den store syndaren. Der er det fuktig året rundt. Men uansett gjeld det å vere aktiv. Dei små har eg tatt i akten. Det gjeld å ta dei før dei legg egg.