søndag 10. mai 2009

Sognebunader

Det er tanta mi til venstre, og dottera hennar Tone, søskenbarnet mitt, som har sydd bunader til oss. Då Systra mi og eg var konfirmerte, var det vanleg med grønt liv. Så begynte det å bli moderne med grøne silkeskjorter. Det passar ikkje til lysegrønt liv til, så ho skifta til svart liv. Det kan no vere nødvendig for mange uansett. No er det blitt vanleg å velje svart liv til konfirmantane. På bildet er vi altså tre generasjonar damer med tre generasjonar bunader.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Det var eit koseleg bilete! Må berre skyte inn at fleire i slekta også har raudt liv, men at det svarte sikkert er vanlegast.

solveig sa...

Viss ein har raudt liv, er det vel raudt nede i staden for grønt?!
Mulegheitene er vel mange. Men grøn skjorte i raudt liv vert vel vel grelt. Eg synest svart er eit lurt val.

Hildegard sa...

Gratulerer med vel overstått konfirmasjon. Stilege damer i bunad. Mange fine bilder.
Eidabesta