Eg ser her at dette er debutromanen til forfattaren, og at han vert samanlikna med andre store britiske krimforfattarar. Han har skrive minst sju bøker om krimhelten Tom Thorne. Nokre er omsett til norsk.
Boka har to stemmer, forfattarstemma og stemma til den lamma jenta Alison, lesen av ei kvinne. Dette funkerer flott i lydboka.
Eg likte boka. Ho er litt annleis, og ho er spennande til siste slutt.
2 kommentarer:
Eg likte også denne boka. Har lese ei til av samme forfattaren .Den var også god.
Du skriv at du kosar deg med Varg Veum. Det kan ein godt gjere, men god KRIM er det ikkje.
Eg kom i skade for å stemme på Poirot på meiningsmålinga di.Det var på grunn av at eg ikkje har sett anna enn Englebarn og P. av krim i påska. Poirot ser eg som "komedie"-og på grunn av gode skodespelarar,fin tidskoloritt og fine bilde.Viss ein ser det som krim, er det ute på dato for lenge sidan.
Legg inn en kommentar