6 eggekvitar
225 g sukker
225 g malte nøtter (ev. mandlar)
1. Stivpisk eggekvitar og sukker til marengs. Ha nøttene forsiktig i.
2. Fordel nøttemarengsen i former med bakepapir i botnen.
3. Steik ved 180 grader i ca 30 minutt.
Eg brukar å ta av bakepapiret under og vaske "side"formene.
Avkjøl botnane før du lagar is.
Is
2 ts pulverkaffi utrørt i 2 ms kokande vatn
8 eggeplommer
2 dl sukker
6 dl kremfløyte
2 pakkar dajm crisp
1. Kok kaffi. Lat han kjøle seg ned.
2. Pisk eggedosis av eggeplommer og sukker.
3. Pisk kremfløyten til krem, ein pakke om gongen.
4. Bland alt saman forsiktig med slikkepott. Spar litt dajm til toppen.
5. Fordel massen i formene og frys kakene.
2 kommentarer:
Her var mange gode tips. Ei lur kake å ha i frysaren"om det skulle komme eit menneske". Serveringsklar!
Å lage to like kaker i gongen er berre ein fordel, både for ev.røring og oppvask.
Det er kjekt at dei er pynta ferdig så enkelt....
Eine skal i alle fall vere til konfirmasjon. Eg har laga to tropisk aroma kaker i gullformene. D.v.s eg har frose ned botnanne i aluminiumsfolie. Formene kan brukast vidare. Eg tenkte eg skulle lære meg nokre nye iskaker, då, men..
Legg inn en kommentar