søndag 5. april 2009

Palmesøndag


No regnar det ute.

Keeperen er reist til Sogndal på treningsopplegg.

Olaug er mini-konfirmant og har overnatta i kyrkja i natt. Øystein og eg var til gudsteneste. Olaug las litt av teksten i dåpshandlinga. Nabojenta Julie døypte seg i dag, så det kjem vi til å hugse. Det var fem andre dåpsbarn; Tobias, Nikolai, Simen, Evy Ann og Benedikte.

Øystein og Håkon har fare til fjells.

1 kommentar:

Besta sa...

Ja, eg kan vere glad at eg nytta fineveret i går til å vere ute, for her regnar det også. Nils brukte mykje av føremiddagen til å stelle med fisk, eg steikte sei til seibiff.I morgon blir det vel fiskekaker; han har gjort klart farse.Eg prøver å få lese i PD James -boka, men det går smått.Hekla ei oldemorsrute etter oppskrift frå You Tube, det gikk relativt bra-ikkje noka stor utfordring akkurat.