torsdag 12. august 2010

Kjensla av at kvardagen nærmar seg

No gjeld det å gjere seg klar til skulestart.  Det inneber mellom anna å tråle nokre kjøpesenter.  Frøkna har fått ny ransel og pennal, og så har alle fått nye kle. Brede i ulike fargar ligg klart.  I går for fire på Moa, i dag for frøkna og eg til Ørsta på slektsbesøk med innlagt handletur.  No trur eg ikkje vil manglar noko.

I går flytta eldstemann mellombels heim.  Han har skaffa seg hybel i Volda. Jusstudenten pakkar.  Han reiser til hovudstaden i morgon. Reiret tømest att.  Det følest vemodig.  Men slik skal det vere.

Rosa over fekk eg av svogeren og svigerinna mi (som forresten har fødselsdag i dag - gratulerer!).  Det er ei stilkrose som heiter Ashram.  Den er ny for meg.  Eg reknar med de får sjå meir av den framover.

1 kommentar:

Gry sa...

Hei Solveig og takk for hilsen hos meg ;)Gratulerer, så morsomt da! Det tipset har jeg ikke hørt før. Jeg har ikke mye erfaring med roser, men har lyst til å lære meg mer. Synes Aloha rosen er fin og er spent på om den kommer igjen neste år. Fin blogg du har med masse inspirasjon! Ha en fin sensommer ;) Klem Gry