torsdag 7. januar 2010

Pest eller kolera?


Før jul dreiv nokre ungdommar her og diskuterte kva dei helst ville vore utan, vatn eller straum?  Dei var samde om at det var verst å vere utan vatn, heilt til dei kom på at datamaskinene treng straum.

No er vel slik at ein verken får velje kva sjukdomar ein skal få eller kva andre plager som skal dukke opp.  I går kveld var vatnet vekke frå 22 til nærare midnatt.Vi berga oss på at vi hadde tappa litt drikkevatn og ikkje tappa ut vatnet frå badekaret. 

Vanlegvis kjem eg alltid på jobb eit kvarter før arbeidstid, men i dag vart her kakaokoking til skidag på barneskulen, og eg kom meg ikkje avgarde som vanleg.  Då eg kom på jobb akkurat presis, forstod eg at eitt eller anna var i gjære.  Vatnet var vekke!  Elevane vart heimsende.  Ein kan ikkje ha undervisning utan vatn ein heil dag! 

Dagen i dag vart akkurat ein slik dag eg trengde!  No er pulten min ryddig. Eg har kasta med hard hand.  Ting ein ikkje har brukt dei siste to-tre åra,  må vekk når ein berre har eit vanleg skrivebord. No er eg tom for rettingsarbeid.  Og så er det ein siste bonus:  Kor lite sliten ein vert av slikt arbeid samanlikna med undervisning!

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg hugsar ein liknande dag på Velle skule då vi sende elevane heim fordi lyset var borte.Men vi måtte gå heim att sjølve også.Vi var minst like glade som ungane.Heilt til straumen forsvann heime også.........

solveig sa...

Vi fekk arbeide heime, men pulten kan ikkje ryddast heimanfrå..... Dessutan kom det varer klokka eitt.

ariel sa...

Eg kunne òg ha tenkt meg/trengt ein slik dag!

solveig sa...

Eller to?
No er det nok!