søndag 31. januar 2010

Solveig på ski

Det må no kallast luksus å kunne spenne på seg skia utanfor inngangsdøra og gå rett opp i skibakken.  I dag var her åtte minusgrader og sol då eg gjekk ut.  Eg har fått meg nye bortoverski som eg no har begynt å kalle bakoverski.  Dei er smørefrie og mykje glattare enn gamleskia.

Elles er det eit tankekors at eg hadde bakken heilt for meg sjølv.  Eg hadde med meg bok på øyret og gjekk på ski til "Simons død".

4 kommentarer:

arieldog sa...

Gratulerer med nye ski! Mine nye var òg svært glatte. reknar med det går over, eller at eg får meir trening seinare i sesongen.

solveig sa...

Øystein skal lage ei løype som er meir i sikksakk....

Besta sa...

Hugsar godt siste gongen eg hadde ski på beina. Då skulle eg gå frå Krøvelseidet opp på ei seter (Vadsteinsetra?) og hadde ultra- bakglatte ski, så eg låg berre og velta. Då kom ein nabo frå Vallabøen og smurde skia. Det var rett før vi skulle snu........
Då lova eg på at eg aldri meir skulle ha ski på beina. Det løftet har eg helde!

solveig sa...

Desse skia skal vere smørefrie...