søndag 17. januar 2010

Bok 4: Ungdomsroman


Denne boka plukka eg med meg frå skulebiblioteket før helga.  Når ein er norsklærar i ungdomsskulen, bør ein sjølvsagt lese ungdomsbøker!

Eg bruker å lese det eg kjem over av denne forfattaren frå heimbygda.  Temaet voldtekt er kanskje ikkje det lettaste å belyse.  Eg synest forfattaren gjer det på ein seriøs og lettfatteleg måte, fritt for klisjéar.  Språket er knapt og liketil.

Hovudpersonen Susi ønskjer seg vekk, og hamnar i Sarajevo der det har skjedd valdtekter som ein del av krigføringa.  Ho nektar å føle det som vert forventa av henne.   Ho seier til dømes at voldtekta var ein gong, mobbinga skjedde fleire gongar.

Dette hadde vore artig om eg fekk lokka ei eller fleire av tiandeklassejentene til å lese boka og høyrt deira meining.

Dette er ei ungdomsbok som også vaksne vil ha glede av å lese.  Les gjerne meir her.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg kjøpte denne boka til I. til jul, men veit ikkje om ho har lese den. Sidan vi alle kjenner forfattaren, veit vi at ho skriv framifrå nynorsk; eit språk rensa for klisjear og unødige vendingar.
Tenkte at eg skulle lese den ved høve.