måndag 25. januar 2010

Krimkveld


I dag har norskelevane mine fått beskjed om å sjå på TV, nærare bestemt NRK1.  Først skal dei sjå programmet med namnet deira, 10B, og så skal dei sjå krim etter nyheitene.  Det skal bli artig å sjå kor mange som har følgt oppmodinga.  Det er kjekt diskusjonsstoff i matfriminuttet.

Eg plukka med meg boka frå skulebiblioteket før helga.  Tanken var å lese minst 1/3 før dagens episode, sidan serien er i tre delar.  Det har eg gjort.  Og eg meiner at eg veit kven mordaren er.

Det er alltid kjekkast å lese boka før ein ser filmen.  Eg oppdaga at eg merkeleg nok ikkje hadde lese Orkestergraven som nettopp har gått.

Cato Isaksen har fått ein ny kollega, Marian Dahle.  Ho er adoptert frå Korea, og er litt rund.  Det skal bli spennande å sjå om dei har funne skodespelarar som kler rollene til dei to nye etterforskarane - og dei andre hovudpersonane sjølvsagt.

Les gjerne meir her - og sjå serien!

3 kommentarer:

ariel sa...

Sit og ser no, og må no seie dei har bomma litt med ho runde koreanske...

solveig sa...

Ho er adoptert!
Skuffa over det valet, men ho er tøff og vi "gløymer" det vel.

Besta sa...

Eg har ikkje lese boka og det er ein fordel! Elles plar eg seie at Lundell er betre på film enn i bok-form, i motsetnad til dei fleste andre.