måndag 4. januar 2010

Og jula varer heilt til påske?


På frukost-TV i dag oppmoda Finn oss om å kaste julestjernene på komposten og fylle opp med primulaer.  Det er sjølvsagt freistande, men mine tre står fint enno.  Den som døydde var sjølvsagt den i samanplantinga.  Så no har eg planta dei andre plantane kvar for seg for å forlenge livet deira.

Wenche tok til orde for å ete restar og baka mykje godt ned i grovbrøda.  Det er sjølvsagt ein god idé!

Med mitt nyttårsforsett går det slik:
I går: Kjøtkaker av to esker kjøtdeig frå frysaren.
I dag: Pannekaker med lutefiskbacon frå kjøleskåpet.
I morgon: Steikt fisk frå frysaren.

Men butikkane går til motangrep med sine 10-kronersmarked!  Veret er på mi side. Dei store snømassene gjer at eg ikkje tek ut med bil når det ikkje er noko eg ha.

P.s.
Viss nokon lurer på om eg sit heime og ser på TV om morgonen, så gjer eg ikkje det.  Eg ser det i opptak til ettermiddagskaffien.  Scannefunksjonen på RiksTV-boksen gjer det veldig lettvint.

1 kommentar:

Besta sa...

Dei kvite julestjernene er like fine som før jul, orkideane likeeins, så her skal ingen ting kastast.Mat har vi også rikelig, vi har jo nesten ikkje vore heime i jula.I dag har eg forresten baka brød, så noko minkar det på.