måndag 11. januar 2010

Klasse 10B - 2. episode

"Jeg gidder ikke å bruke tida mi på å lese!".  Dette ropar ein av elevane ut i 2. episode.  Dette er eit utbrot dei fleste norsklærarar i ungdomsskulen har høyrt før.  Som regel får vi dei fleste gjennom ei bok viss vi brukar tid på å leite.  I mi klasse 10 B har vi nettopp hatt lesing av roman og munnleg framføring.  Eg stiller meg meir undrande til eleven som hevdar han aldri har lese ei bok.  Truleg er det eit resultat av gløymslekurva. Viss ikkje har både skulen og foreldra svikta guten.

Norsklæraren peikar på det viktige i å kunne trenge gjennom både ein skjønnlitterær tekst og ein fagtekst.  Lesing ligg i botnen på alle fag.  Vi får følgje med bokmeldingane i 10B.

Då eg gjekk på ungdomsskulen syntest eg synd på musikklærarane.  Eg oppfatta musikk som eit bråkefag.  Eg trur nok denne musikklæraren greier å få til eit innslag med musikk og song.  Men eg trur og det nærmar seg slutten på tolmodet hans.

Mattelæraren kallar inn til foreldremøte.  Ære vere dei foreldra som møter til mattekurs på kveldstid!  Vi får følgje med oppmøteprosenten! 

Elevsamtalar er viktig.  Mattelæraren tek seg tid til å gå gjennom prøver med kvar elev, og ho spør dei etter ein plan.  Det er viktig å få dei til å sette ord på det dei tenker, og få dei til å tenke vidare. Prosentrekning og sal høyrer i hop.  Dei som greier å rekne seg fram til prisane, har talforståing. 

I neste episode skal dei visst attende til gamle åtferdssynder.  I pedagogikken kalte dei det ballongar som elevane sender opp, og som lærarane skal sprekke.  Vi får sjå korleis dei taklar musikk, bråk, viskelerkasting og andre typar uro.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg såg ikkje serien i dag heller.Men det at det er mange som ikkje les bøker, det trur eg. Slik har det alltid vore. Det er ikkje alle heimar som prioriterer å lese for borna eller å kjøpe bøker til dei. Å lese er ein vane som ein bør få inn med morsmjølka.

ariel sa...

Eg hugsar ein elev eg hadde, tidleg på 90-talet, som var sterkt plaga med dysleksi. Han sa han hadde lese ei bok i heile sitt liv "og aldri meir!" Boka han hadde lese var "Huset med den blinde glassveranda" av Herbjørg Wassmo. Eg trur det er fleire no som ikkje les bøker, men nokre les svært mykje. Når det gjeld tv-serien, synest eg den musikkundervisninga er nesten parodisk. Det er ikkje noko problem å finne på spennande prosjekt, men ein har gjerne eit krav om å følgje ein læreplan, ein underviser 20 timar i veka og har rettingsarbeid opp etter øyrene. Eg er spent på utviklinga, men irriterer meg over "superlærarar".

solveig sa...

Det må vere verre å sleppe elevar lause med instrument enn med gryter! Desse professorane, som eg kallar dei, har ein heilt annan arbeidssituasjon enn ein vanleg lærar. 3-5 timar i veka i eit fag du brenn for, er rein luksus samanlikna med 22 i litt forskjellig...