måndag 25. januar 2010

TV-kvelden

Etter ein lang dag på jobb må ein få lov til å sekke ned i TV-stolen.

Klasse 10B
I dag fekk vi sjå korleis ein kan få fart i ein elev som har meldt seg ut.  Vi kjenner typen.  Han kjem til kort fysisk, og interessene hans er litt sære for gutane i klassa.  Dermed endar han opp med jentevenn(er).  Gymlæraren får lokka han litt med yoga, noko ho seier han er flink til.  Ja, kva veit vi om yoga?  Mattelæraren gjev han oppgåver han meistrar.

Elles ser vi at klassa har utvikla seg positivt.  Dei prøver med leksehjelp.

Honningfellen
Eg liker denne serien med Cato Isaksen.  Filmen må sjølvsagt bli annleis enn boka.  Men som eg spådde, var ikkje Marian Dahle lett å få tak i.

Marian Dahle het nykomlingen. Hun var adoptert fra Korea , virket innadventog var lettere overvektig.   .....Hun hadde smal munn, liten nese og høye kinnben.  Det kullsvarte håret var samlet i en tynn hestehale.  Hun var trettito, men så ut som hun var atten.

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg likar godt Cato Isaksen & co.Men eg synest ikkje Marian Dahle passa til skildringa i boka. (Som eg heldigvis ikkje har lese.)Ho var no heller lite pen, blant anna.Og ikkje såg ho ut som 18...osv.

arieldog sa...

Den skuleserien er eg noko ambivalent til, kjenner eg, men han guten som var flink å teikne var eit velkjent syn. Elles ergrar eg meg ein del over all ekstrainnsatsen til lærarane utanfor dei eigentlege arbeidsoppgåvene. Dette er sikkert ubetalt arbeid som dei gjer "av sitt gode hjarte" - ei utidig haldning til arbeidstid og løn.

solveig sa...

Leksehjelpa er nok i den tida ein har møte eller førebur dei 22 timane..... Eit halvt år med TV-team på slep skulle vi vel overlevt litt overtid?

solveig sa...

Skodespelaren er vel ho Nordberg(?)som var saman med han som ambulansen ikkje ville hente i si tid? Adoptert stemmer vel...