måndag 10. august 2009

Syltesukker

Fordelen med å ha full frysar er at då kan ein ikkje fylle meir oppi han. I dag fekk eg plommer og rips frå Ørsta. Ripsen fraus eg rett nok ned halvparten av, for å ta han att i morgon, men plommene gjekk rett til sylting.

På Gunda sin blogg såg eg at ho anbefalte syltesukker. I Ørsta var eg innom Mega og plukka med meg eit par kilo til 27,50 pr stk.

Eg heiv alle plommene og 1/2 kg sukker pr kg plommer oppi panna. Etterpå såg eg at der var to sortar plommer og at det stod på sukkerpakken at ein burde sylte 2 kg bær om gongen.

Resultatet var flott! Sylta var nydeleg og akkurat passeleg stiv! Denne metoden kjem eg til å halde fram med til plommer og anna sylte med mykje sukker.

4 kommentarer:

Besta sa...

Plommene er søte i seg sjølv og treng lite sukker.Desse som du fekk i dag var frå i fjor om nokon skulle lure.

solveig sa...

Sylta vart rikeleg stiv, så ein kan nok bruke mindre syltesukker, ja. Eg hadde ikkje noko vatn i sidan dei gav frå seg nok væske då dei tinte opp.

Elin sa...

Har stivelsen noko med at steinane eventuelt vart kokte med?
Har ikkje sett "syltesukker" i handelen, kva er det spesielle med dette sukkeret?
Trondhjemssuppe har eg ikkje anna forhold til enn at eg hugsar namnet, og eg trur ein kunne kjøpe det i Toroposar for lenge sidan.
I dag har eg vore på matematikkvanske-kurs med ein kapasitet frå Jæren, Olav Lunde. Veldig interessant. Men går nok ikkje i morgon, sidan eg har "lovleg grunn", dvs. sjukemelding.

solveig sa...

I syltesukkeret er alt du treng, stivelse og holdbarheitsmiddel, det same som finst i rognebær står det på pakken.
Eg tek dei steinane eg finn medan eg rører. Det var litt upraktisk at sukkeret skulle vere saman med plommene. Neste gong kokar eg dei møre først.
På Prix har dei ikkje dette sukkeret, men eg har sett det på Spar.
Vi begynner ikkje på jobb før mandag. Elevane begynner på onsdag, så vi slår vel to flaggdagar saman.