måndag 3. august 2009

To i krukka

For to år sidan planta eg ein pasjonsblomst eg kjøpte billeg på Lidl, saman med engletrompeten. Det skjedde ikkje noko det året, og ikkje i fjor heller. Men i år klatrar pasjonsblomsten mellom engletrompetane!
I dag var eg innom Grønne Fingre på Moa og fall for denne fargekombinasjonen. Berre ei av liljene har sprotte ut enno. Eg håper dei blomstrar lenge, og så får eg plante dei ut og håpe dei overvintrar.

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer med bryllaupsdagen!

Elin sa...

Gratulerer med bryllaupsdagen!

solveig sa...

Takk for det!

Besta sa...

Pasjonsblomst har eg aldri hatt, ikkje engletrompet heller.Men fine er dei. Det er også dei nye blomstrane du har kjøpt. Hos Sissel er det fint heile sommaren, men så legg ho også mykje arbeid og omtanke i hagen.I år er det skralt med blomster både ute og inne her hos oss,men alle orkideane blomstrar inne og clematisen og rosene ute! Når ein får dårleg ver det meste av tida, misser eg lysta på å stelle i hagen.