
Ein kollega undra seg over at ho hadde fått melding frå Sognefjorden. Hadde ikkje vi vore i Oslo? Jau, men vi overnatta i Kongsberg! Ein kollega med GPS forstod det fullt ut. Ho hadde reist til Austlandet over Strynefjellet, og først etter Stryn ville GPS-en over fjellet. Så vi har valt den kortaste råsa.

Vi har brukt å reise ein annan veg heim att for variasjonen sin del, men i går reiste vi attende same vegen. Det er ein mindre anstrengande tur for sjåføren. Han får strekke på beina på ferjene.

Dessverre var veret minst like elendig som på turen sørover gjennom Sogn. Men de kan skimte den flotte naturen. Her er det høge fjell og brear.

Eg treng vel ikkje å fortelje at bilda er tekne gjennom bilvindauget?
3 kommentarer:
Norge er jo ganske fint sjøl om det regnar og er grått:)
Alt ver har sin sjarm, men eg hadde ønska meg ein høgre temperatur både her og der. Audun gjekk rundt i t-skjorte i Oslo. Her vart det haust.
Eit landskap heilt utan fjell, men med sol og vind. Det er min draum.Kanskje Skåne...om sommaren vel og merke.
Legg inn en kommentar