fredag 14. august 2009

Siste feriedag

Vi startar skuleåret på måndag med to studiedagar. Onsdag er det skulestart for elevane og dermed dobbel flaggdag. No har eg vore bortom skulen og skulekjølkenet. Der må alt ryddast vekk til vask og dermed takast fram att før skulestart.

Gruppene på kjøkenet har ulike fargar.
Ned i kvar skuffe legg eg eit bilde av det som skal vere der. Det gjer det lett for alle å halde orden. Her har vi skjerefjøler i ulike fargar. Eg reknar med det vert mykje fokus på hygiene til hausten.

Grøn gruppe har grøn deigskrape.


Raud gruppe er tilpassa rullestol. Steikeomnen er sidehengsla. Dei som leverte kjøkenet kalla denne steikeomnen ein Merzedes og dei andre Volvoar. Steikeomnen er i alle fall svært god, og eg reknar med den kosta ekstra.
Skåpa til venstre kan ein trykke på ein brytar så kjem dei ned.


Detaljar frå gul gruppe.














2 kommentarer:

Besta sa...

De har eit flott skulekjøkken, og fargekodane gjer ryddinga enklare.Slikt var ikkje å få kjøpt "i mi tid".Hjelpemiddel som bilde m.m. er ein god ide. På Velle hadde vi berre lister i skuffene.
På Velle har dei fått nytt skulekjøkken etter ombygginga(sjå bloggen til Bjørg),men eg var ikkje så begeistra; det verka trangt.

solveig sa...

Det same vil eg seie om det på Hareid skule. På ungdomsskulen var Signe aktivt inne i planlegginga. Det er nok grunnen til at det vart så bra. Ho hadde vore på Island og sett dette med grupper på to.