fredag 19. februar 2010

Alle hus treng ein fest 1

Dette bruker Finn på Frukost-TV å seie.Eg må berre seie meg einig. Ein treng å sjå heimen med andre sine auge.  No har eg ikkje akkurat tid til å gjere store endringar.  Men litt har eg no pjaska med. 

Nokre innkjøp har eg gjort, og noko skal eg dele med blogglesarane etter kvart.  På blomsterbutikken såg eg freistande Campunala.  Dei er flotte no, men klarer ein å ta vare på dei til våren, kan ein ha glede av dei i mange år. Eg såg etter potter opp etter to reolar, men såg ikkje nokre eg likte.  Først då eg skulle til å betale, såg eg desse saman med nokre rammer. Dei glir rett inn saman med dei eg har frå før.

2 kommentarer:

Besta sa...

DETTE huset treng i høgste grad ei oppshining- eit stort løft! Men eg maktar så lite åleine. Gardiner for eksempel har eg leita etter i fleire år utan å finne noko eg likar......Det kjem ein dag då ikkje nye potteplantar er nok. Fine blomster forresten.

ariel sa...

Nydelege blomar! Vart nesten litt inspirert...