måndag 8. februar 2010

For eit (null)føre!

Eg kan ikkje hugse at brøytekantane har vore så høge og bardane så høge så lenge eg har køyrt bil!  Då må det presiserast at så lenge eg hadde små born som eg trilla, gjekk eg og handla omtrent kvar dag.  Det var alltid nokon som trengte ein luftetur.  Slik som vegane er i dag, finst det ikkje tyngre underlag å dra ei vogn på.  Eg håper dei skrapar snart.

Det får vere dagens hjartesukk.

På biblioteket var eg heldig i dag!  Ærendet var å levere inn to lydbøker og berre sjekke om der var ei bok eg ikkje har lese.  Der hadde akkurat vore ein person og levert inn desse tre.  Forfattarane er nye for meg, men eg meiner den kvinnelege er lege.

No er eg nesten ferdig med Kristin Lavransdatter, så det er berre å anbefale!

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg har sjølvsagt lese alle tre bøkene. Jorun Thørring likar eg ganske godt. Då eg las den første Amerika-boka vart eg litt sjangerforvirra, men då eg las bok nr.2 i trilogien vart eg sint. Gi ut ei bok på 4 CD-ar berre for at det skulle gå tre bøker før "mysteriet" blir oppklart.....?Men boka har kvalitetar, og det er alltid kjekt å bli kjent med nye miljø.

solveig sa...

Eg ser at eg har fått tak i dei to første i trilogien.

Besta sa...

Den tredje boka er ikkje komen ut. Kanskje har han ikkje funne løysinga sjølv enno?