søndag 7. februar 2010

Oscarvinnar

Dette er ein av dei filmane eg ikkje har kome meg på kino for å sjå. Men no har DVD-ar vorte daglegvare. På ein handletur på Prix datt den oppi handlekorga.

Dette er historia om fattigguten Jamal som hamnar i "Vil du bli millionær".  I starten av filmen er han fengsla for mistanke for juks.  Filmen blir ei reise gjennom livet hans der vi steg for steg får sjå korleis han kan vite svara på spørsmåla.  Ein må vere budd på at livet hans har vore tøft.

Historia har likheitstrekk med eventyra. Det er ein moderne Oskeladd som vinn prinsessa og halve kongeriket, eller millionane om du vil, med å løyse ulike problem som dukkar opp.  "Eg fann, eg fann" - vil seie kunnskap som han plukka opp undervegs.

Viss det er blogglearar som enno ikkje har sett filmen, kan de lese meir om han her.  Og kan de ikkje låne han av meg, så er den vel verd sine 89 kr.

Dette er filmen som har alt: Drama, tragedie, kjærlighet, samvittighet, eventyr, grusomhet, håp. Og det blir fortalt på en måte du aldri har sett før! (VG)

1 kommentar:

Besta sa...

Denne filmen heldt på å dette opp i mi korg også, sist eg var på butikken.Eg har lese boka, men no er det såpass lenge sidan at eg kan tenkje meg å sjå filmen. Likar ikkje å sjå filmane rett etter at eg har lese bøkene, då finn eg berre "feil" i filmane.