tysdag 23. februar 2010

Bibliotek

I går ettermiddag skulle eg eigentleg berre levere inn att nokre bøker, for no er eg på etterskot.  MP3-en inneheld nok å lese til påske.  Men så fann eg desse to!  Den eine kjem nok til å snike i køen.

Elles har eg oppdaga at biblioteket er ei gullgruve også når det gjeld blad/magasin.  Kanskje det var der ein skulle sette seg ned i staden for framfor dataskjermen.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har lese Hundre år, den kjem du til å digge! Den andre boka har eg ikkje lese.Eg hadde problem med å finne noko sist eg var på biblio.

Besta sa...

Biblioteket er ein fantastisk institusjon! Og alt er gratis, i alle fall så lenge ikkje Frp får bestemme.Her er det nokre som sit på biblio kva dag, les aviser og pratar.For somme kan det fungere som ein "møtestad".