onsdag 24. februar 2010

Bok 9: Mørkemannen

Dette er boka som kjem etter Honningfellen.  Eg fekk låne papirboka av ein kollega av meg.  Eg oppdaga ganskje raskt at eg hadde lese boka før.  Men eg hugsa ikkje så godt oppklaringa, og sidan denne også kanskje dukkar opp som fil etter OL, bestemte eg meg for å lese den om att.

Då eg las boka sist, hadde eg ikkje peiling på Marian Dahle si tolle i teamet.  Sidan då har ho og fått eit andlet i TV-serien.  I Honningfellen var hennar forhold til psykiatrien viktig.  I Mørkemannen kjem dette med adopsjonen inn.  I tillegg anar vi at ho kan ha vore utsett for fleire ting i oppveksten.

Boka er for all del spennande.  Men no er eg meir kritisk til Marian Dahle si rolle.  Privatlivet til Cato Isaksen er vel oppbrukt i tidlegare bøker.

Sjølve mordgåta er noko innfløkt. Oppklaringa er logisk, men litt søkt etter min smak.

Les gjerne meir om romanen her.

1 kommentar:

Besta sa...

Hugsar ikkje om eg har lese denne boka,når ein les så mykje krim kan einhugse alt. Ikkje er det verdt det heller.