onsdag 3. februar 2010

There is no perfect love

No har eg endeleg sett filmen.  Eg har hatt lyst til å sett han lenge.  Eg måtte til og med takke nei til ein jentekveld der vi mellom anna skulle sjå filmen.  I helga hadde systra mi den med.

Det er pluss/minus to år sidan eg las boka.  Filmen hadde fanga opp den same stemninga.

Lily kjem i skade for å skyte mora si då ho var lita.  Dette hadde ho vage minne om.  Kva skjedde eigentleg?  Ho veks opp hos ein far som sørgjer for henne materielt, men ikkje emosjonelt. 

Boka tek og opp forholdet mellom svart og kvit på 60-talet.  Korleis vert folk valdelege?  Kor mykje skal ein hate for å skade andre?

Lily rømmer heimanfrå.  Ho ser eit honningglas med eit bilde ho kjenner att.  Slik hamnar ho i huset hos tre farga søstre som tek seg av henne og Rosalyn. No vil eg ikkje røpe heile handlinga anna enn at ting vert nøsta opp og fell på plass.

Dette er ein film for jenter i alle aldrar, og mennene deira.

1 kommentar:

Besta sa...

Eg likte boka veldig godt, og gler meg til å sjå filmen.Greitt at boka er litt på avstand når ein ser film, meiner eg.Verre blir det å få far din til å sjå den.......
han har ikkje same sans for film som eg.