laurdag 27. februar 2010

Mons

Frøkna har studert ei ny kattebok, kjøpt på Mammutsal,  i ferien.  Faren har som kjent lova henne katt til sommaren.  Og så er det store spørsmålet: Kva for rase?  Eg meiner at ein heilt vanleg Mons må vere best.  Ho påpeikar som sant er, at Mons ikkje er ein katterase.  Bastard er best, hevdar eg.  Gatemix heiter viss den sorten i følgje boka.
Bilda er av katten vår som vi hadde i min oppvekst, frå eg var ti år til eg var tjue kanskje?  Ikkje var han kastrert heller, noko som no er obligatorisk i følgje frøkna.  Mons kunne vere vekke i eit par veker om gongen.  Han kom heim for å slikke sår og gjere seg klar til neste frierirunde; ein ekte hannkatt med andre ord.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Litt rart å sjå han att, gamle Mons - han var ikkje så pen etter kvart som kampane begynte å ta på...

Besta sa...

Nei, "katta vår var gatens skrekk" osb.
Han var den første katten i gata, og måtte etter kvart hamle opp med yngre og penare utgåver av arten.Men han var god å ha liggande bak ryggen når eg låg på sofaen.