søndag 21. februar 2010

Typical Norwegian

Hovedgjesten i går er ei svært omgjengeleg og triveleg dame.  For oss nordmenn er det artig å høyre kommentarane ein utlending kjem med undervegs.  Det var to ting som gjorde inntrykk på henne:  Kakebordet og engelskkunnskapane til nordmenn.

Dei fleste kakene kom gjestene med.  I sunnmørsk målestokk er vel dette eit normalt kakebord. 

Når det gjeld engelskkunnskapane, så var nok ikkje forsamlinga heilt representativ.  Her var både ein amerikanar og ein engelskmann i tillegg til fleire engelsklærarar både frå vidaregåande og ungdomsskulen.

Elles så forstod eg kva ho meinte då ho såg  sofahjørnet vårt med panelvegger og Ekornes bogesofa og utbraut: Typical Norwegian! 
I mitt stille sinn tenkjer eg: Oppussingsobjekt ...

3 kommentarer:

Besta sa...

Kakebordet var vel heller beskjedent i sunnmørsk målestokk?
Men eg trur det er ein trend; ikkje lenger ei kake pr.person!
Umåla panelvegger er vel helst ut-men fryktelig praktisk, akkurat som skinnsofaer. Vi heng litt etter der både den eine og den andre, men vi lever i eit fritt land, og noko kvitmaling vil eg i alle fall ikkje ha oppetter veggene.

solveig sa...

Til familiefest var det heller få kaker. Til konfirmasjonar reknar ein vel ei halv pr person. Men til ein laurdagskveld er det vel bra. Trur alle andre enn sunnmøringar ville synest det er rikeleg.

Milena sa...

Tenkete kommentaren"Typical Norwegian" vart til kakebordet,he,he...men panelvegga er vel også det
:-)