tysdag 23. februar 2010

Det søte liv

I dag har eg hatt hyggeleg besøk av mi venninne M.  Ho hadde med seg ei nydeleg potterose som vi begge håper skal få eit langt liv i hagen etter at den har pynta opp inne.
Eg fekk lyst på vaflar i dag.  Og så fekk eg lyst til å smake eit produkt eg kjøpte ein dag dei ikkje hadde posar med bringebær i butikken.  Eg er i utgangspunktet skeptisk til kjøpesylte.  Den brukar å vere altfor søt.  Denne vil eg heller seie er sur nok.  Den inneheldt 80% bær.  Mine rørte jordbær, som eg også hadde tatt fram, inneheld 3 dl sukker pr kilo bær.
Alt er ei vanesak.  Det er betre sylta er for lite søt enn for mykje søt.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har ikkje smakt denne sylta. Vi et relativt lite sylte. Men erfaringa mi er at det trengst mykje mindre sukker til rørt sylte enn til kokt. For lite søtt er det råd med- ikkje for mykje. Dvs. ei av venninnene mine kjøper ferdig sylte, vanleg søt, og blandar med frosne bær.

Milena sa...

Takk for meg og takk for gode vafla med nydelig jordbær!
:-)