fredag 5. februar 2010

Fredagsfinale

Her i huset likar ungane å sjå konkurransepreogram.  Det kan dei ikkje vere åleine om så mange konkurransar som går no for tida.  Eg mistenker nokre program for å vere sjølvfinansierte, viss då ikkje Telenor stikk av med det meste av gevinsten.

I dag benkar vi oss i alle fall framfor TV-en med is og dei siste krumkakene Besta kom med.  Ja, og no heiar alle på Åge, sjølvsagt.

God helg!

p.s. Mor mi kom og med den fine hortensiaen ovanfor.

1 kommentar:

Besta sa...

Og det gjorde godt for mormora å få rett sidan ho har forkynt for barnebarna at ho aldri tek feil!
Heia Aage!