tysdag 2. mars 2010

Kvardagsliv - ein heilt vanleg tysdag

16-åring har fått tilbod om fast jobb, nemleg å lage pizza tysdagane.  Eg har seks undervisningstimar tysdagane, tre av dei på skulekjøkenet.  Deretter er det trinnmøte.  Då er det godt å kome heim til ferdig middag.  Kokken ser fordelen med å lage mat; då vel han ingrediensane sjølv.  Det vert grov botn, litt pastasaus og rikeleg med kjøtdeig og ost. 

Journalisten arbeider turnus og kjem heim annankvar tysdag med langfri.  I dag har det snøa heilt sidan eg kom heim, så føret er ikkje det beste.

I kveld skal eg gå rundt vatnet, ein gåtur på ca 8 km. Eg rekk å kome heim til dei frustrerte fruene.  Tysdagane er travle og trivelege dagar!

3 kommentarer:

Besta sa...

Dei frustrerte fruene reddar TV-tysdagen!
Forresten likte eg godt filmatiseringa av Stenhuggeren. Der slepp ein alle dei kjedelige bollane og tekoppane som er i bøkene. Enda eg har lese boka, hugsar eg ikkje kven morderen var. Det har sine gode sider også å vere gløymsk. Men no finn eg ikkje MP3-spelaren.......

Milena sa...

Vi hadde også heimelaga pizza i dag,pepperoni og spekeskinke,løk og chilli i tomatsausen og parmesan på toppen..og litt basilikum til pynt!
Nam.nam..
:-)

solveig sa...

Eg er veldig glad i basilikum på toppen. Heimelaga er alltid best, og er du sjølv kokk, lagar du den slik du sjølv likar best ... Merkeleg at ungane vil ha paprika! Men Grandiosa veit vel kva dei gjer!