måndag 22. mars 2010

Ambrosiakake

Denne veka har vi påskelunsj på skulekjøkenet.  Vi lagar pai og sufflé som vi serverer brød og salat til.  Desserten er appelsinris og Ambrosiakake.  Denne kaka er svært populær.  Eg har lova å legge oppskrifta ut på skulen si nettside, men kanskje nokre blogglesarar er interesserte i ho?  Vi fann den i si tid i eit vekeblad.



Botn:


125 g smør
2 dl sukker


2 egg

finrive skal av ein appelsin
safta av ein appelsin


3 dl kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver

Glasur:
1 dl melis
1 ms appelsinjuice






Slik gjer vi:

1. Set steikeomnen på 175 grader.

2. Smør og strø ei rund kakeform 22-24 cm.

3. Rør smør og sukker kvitt.

4. Rør inn egga - eitt om gongen.

5. Tilset appelsinjuicen.

6. Sikt i dei tørre ingrediensane.

7. Steik kaka i 30-40 minutt.

8. Avkjøl kaka på rist.


9. Glasur: Rør saman melis og appelsinjuice.

Fordel glasuren på kaka.


Bildet er tatt frå: http://www.tine.no/6828.cms
Oppskrifta de finn der er utan appelsinskal - eg anbefaler "mi"!

Viss ein vil lage skuffekake, gongar ein oppskrifta med tre!

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Denne kaka såg god ut! Skal prøve den.

ariel sa...

Den såg litt påskeaktig ut også. Må prøvast, og gjerne med appelsinskal!

ariel sa...

Eg vurderer å lage den med sjokoladeglasur...?